Tonstadskulen – anbud

14. september, 2009 – 06:43

No når Rådmannen no har sagt litt om anbuda som har kome inn til skulen, vil eg oppmoda han om å nytta veven her til å publisera anbuda som har kome inn.

Eg kan sjå føre meg at sjølv om anbuda som har kome inn har skilnad i pris, så er det vel ikkje utenkjeleg ein har gjeve ein billegare pris berre for å få jobben…og at det så vert overskridingar så det held.

Slik sett vil ei open handsaming av alt som har med bygginga av skulen å gjera, vere ein fordel.

Sjølv er eg spend på kor mykje arkitektane har vetorett på. Som tidlegare nemnd har eg sett for mange skular der designarane har hatt meir å sei enn pedagogane, og eg har endå ikkje sett eit vellukka eksempel på den prioriteringa.

Skriv en kommentar